Restaurant Fjordglimt

Restauranten Fjordglimt er eit sjarmerande og innbydande lokale som tilbyr ikkje berre deilig mat, men også ein fantastisk utsikt over den omkringliggande naturen. Store vindauge som rammer inn restauranten, gir gjestane panoramautsikt over den majestetiske fjorden som strekkjer seg ut framfor dei. Utsikta er rett og slett fantastisk, med det asurblå vatnet i fjorden som glitrar i sollyset og dei storslåtte toppane i dei omkringliggande fjella som ruvar i det fjerne. Omgjevnadane er den perfekte bakgrunnen for ein minneverdig matoppleving.

Frokost - en perfekt begynnelse

Start dagen med ein frukostoppleving som er inkludert i prisen når du overnattar hos oss. Nyt eit fristande utval av både kalde og varme rettar – frå sunne alternativ til små, usunne gleder. Vi serverer fersk kaffi, te, mjølk og forfriskande appelsin-og eplejuice, alt akkompagnert av panoramautsikta til Nordfjord og dei majestetiske fjella. Bur du ikkje på hotellet? Du er hjarteleg velkomen til å starte dagen hos oss likevel – frukost er tilgjengeleg for gjester utan overnatting. Gjør morgonen til eit minneverdig augeblink med oss i hjartet av vakre Olden.

Opningstider:

Alle dagar frå 07:00–10:00

Middag - ein del av opplevinga

Menyen vår byr på eit variert utval av rettar inspirert av tradisjonell norsk mat, med fokus på ferske og kortreiste råvarer. Frå saftig sjømat til mørt, grilla kjøtt – her finst noko for alle smaksløkar. Vi nyttar kvaliteten på dei lokale råvarene frå kulturlandskapet i Nordfjord og tilpassar menyen dagleg etter dei beste ingrediensane.

For dei yngste har vi også ein smakfull barnemeny.

Opningstider:
Alle dagar frå 19:00–22:00