Ut på tur

Indre Nordfjord, med bygdene Olden, Loen og Stryn, er eit fantastisk utgangpunkt for fine turar for store og små. Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til populære turmål som Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Skålatårnet, Loen Skylift og Via Ferrata Loen.

Her er et lite utvalg turforslag. Nyt dagen!

  • Briksdalsbreen, Olden

    Dette er eit fint turmål for heile familien. Ta gjerne med bestemor og bestefar! Ein kan gjerne spandere nær heile dagen på denne turen. Om været er fint, vil ein gjerne stoppe fleire gonger langs vegen opp gjennom Oldedalen.

  • Berglandskap med fjell, daler, elv og skyer over fjellene.

    Sauskorholten, Olden

    Sauskorholten ligg høgt og fritt over Oldedalen, like nedanfor fjellpartiet Kattanakken, med utsikt til breplatået og den mektige Jostedalsbreen; Briksdalen og Briksdalsbreen, Melkevollsbreen, Oldedalen og Oldevatnet.

  • En steinbygning med små vinduer, plassert på en berggrunn av løse steiner under en klar blå himmel, med snødekte fjell i bakgrunnen.

    Skåla, Loen

    Turen til Skåla, 1843 MOH, er kjend som «Norges lengste motbakke». Rekorden i motbakkeløpet Skåla Opp er på en time og 7 minutt, men vi vil anbefale et litt rolegare tempo. En vaksen person i normalt god form vil kanskje bruke tre til fire timar til toppen,

  • Loen Skylift, Loen

    Loen Skylift er ei gondolbane som går frå Loen og opp på fjellpartiet Hoven, der det er restaurantar, amfi, og terassar med spektakulær utsikt over Loen, Lodalen, Olden, Oldedalen og utover Nordfjord.

  • Fjell med tåke, grønne skoger, et lite vann og et boligområde med en rød bygning ved vannet.

    Kjenndalen, Loen

    Innerst i Lodalen finn vi Kjenndalen, Kjenndalstova og Kjenndalsbreen. Dette er populære turmål for mange. Også her kan det bli mange fotostopp før ein kjem til det eigentlege målet. Vegen går langs Lovatnet, som har denne karakteristiske turkisgrøne fargen.

  • Fjell, innsjø og skog i en norsk fjellandskap, med en liten hytte i forgrunnen.

    Rakssetra, Loen

    Rakssetra er ei fin, nasjonalromatisk seter som ligg like ovanfor Oppheim i Loen. Den er relativt lett tilgjengeleg, om lag ein halv times gåtur på fin sti gjennom skogen. Kanskje er det derfor den har blitt så populær dei siste åra – på folkemunne blir den kalt for «Instagram-setra».

  • En gammel, værbitt trehytte med en gresskledd tak, omgitt av grønne trær.

    Panoramavegen, Nordsida

    Dette er vegen som går langs nordsida av Nordfjord, frå Stryn og utover forbi Robjørgane, Blakset, Ulvedal, Fjelli, Nos, Randabygda og vidare over Kvalen mot Lote og Nordfjordeid.

    At vegen blir kalla «Panoramavegen» er lett å forstå når ein tek turen. Mange stader ligg vegen høgt og fritt, med flott utsikt over fjorden og bygdene.

  • Et gammelt tau og trekolonner foran en innsjø omgitt av fjell, med skyer og lave skyer over fjellene i bakgrunnen.

    Segestad, Hjelle

    Segestad er ein fråflytta fjellgard på Hjelle i Oppstryn. «Segestads Vener» har dei siste åra restaurert bygningane på garden, slik at den i dag framstår som eit lite museum. Alle bygningane er opne for publikum. I huset er det bevart møblar og inventar frå gamal tid. I låven er der gamal reiskap og spor etter farne tider.

  • En stein- og fjelllandsbygd med en liten sti, grønne busker og trær, store steiner, og høye fjell i bakgrunnen under en blå himmel med spredte skyer.

    Erdalen, Oppstryn

    Dette er ein fin familietur i lett terreng. Om ein startar ved parkeringsplassen på Greidung, er det ei fin stigning opp bomvegen, før terrenget flatar ut inn mot Erdalssetra. Om ein køyrer opp bomvegen, blir gåturen lettare heilt frå starten.

    Fjella er bratte, og på toppen ruvar breplatået Jostedalsbreen.

Andre forslag til turar, utflukter og aktivitetar