Kort veg til gode minner
Olden Fjordhotel er eit nostalgisk og klassisk hotell med ein funksjonalistisk stil, vakkert plassert i solhellinga like ved Olden Brygge. Hotellet har 60 rom, ein koselig bar, restaurant og ein velstelt hage som byr på fantastisk utsikt over fjord og fjell.
Frå Olden Fjordhotel har du kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for både store og små. Nokre av dei mest kjente er Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift, som alle byr på uforgløymelege naturopplevingar.
I dag er det ein annan lokal familie som eig Olden Fjordhotel. Vi er fast bestemte på å vidareutvikle hotellet og skape dei beste opplevingane for våre gjester og dei som arbeider her. Vi er medvitne om at reiselivet i Nordfjord er tett knytt til naturen og kulturlandskapet, og vi vil aktivt støtte lokalt landbruk og næringsliv. Vi er også stolte av vårt vakre uteområde og hage, som har vore vitne til mange uforgløymelege sommarkveldar med solnedgang over Hogden i vest.
Vi håpar at ditt opphald her vil vere ein minneverdig oppleving, og at du reiser herifrå med gode minner.
Sidan 1953 har Olden Fjordhotel vore med på å skape minne for både lokale og tilreisande. I byrjinga var hotellet kjend som Solstrand Pensjonat, men det var vertinna Aud Muri som gav hotellet den unike atmosfæren og var ein pioner i å tilby eit førsteklasses reiselivsprodukt. I 1971 vart hotellet utvida kraftig, og namnet vart endra til Olden Fjordhotel. Deretter kom 'nyefløya' i 1995, og adressa fekk naturleg nok bli Solstrandvegen 1.