
Olden Fjordhotel
Kort veg til gode minner
Ved kanten av fjorden, der naturens stillheit møter hjartets ro, finn du Olden Fjordhotel – ein stad der minner blir skapte og kjærleik blomstrar. Her, omgjeve av majestetiske fjell og den glitrande fjorden, er kvar dag en invitasjon til nærheit og nye opplevingar. Vi er meir enn ein stad å kvile – vi er din heim på reisa, ein stad for smil, samtalar og augeblink som varer. Med kort veg til gode minner ønskjer vi deg velkomen til å oppleve magien i hjartet av Nordfjord.
Våre hotellrom
I romma våre vaknar du til stilla frå fjorden og lyset som dansar over fjelltoppane. Kvar detalj er skapt for ro og velvære – eit pusterom der du kan senke skuldrene og kjenne naturen tett på. Her, med utsikt mot fjord og fjell, finn du harmonien mellom komfort og nærleik, og ei kjensle av å vere heime – midt i det vakraste som Nordfjord har å by på.
Vi ønskjer å informere om at kjæledyr dessverre ikkje kan tas med på rommet.
Komfortable rom med utsikt
Panoramautsikt
Komfort i harmoni med naturen
Romslige bad med ro og enkel eleganse
Gratis WiFi
Gratis parkering
Restauranten
Restauranten på Olden Fjordhotel er eit sjarmerande og innbydande lokale, der kvar matoppleving får selskap av ei spektakulær utsikt. Store vindauge rammer inn fjorden og fjella, og inviterer naturen inn i rommet. Det asurblå vatnet glitrar i sollyset, og dei storslåtte toppane i det fjerne gir ein majestetisk ramme rundt måltidet. Her kan gjestane nyte både smaken av god mat og augneblinka som berre Nordfjord kan gi – ein perfekt kombinasjon av ro, nærleik og minner som varer.

Turar i Nordfjord
Indre Nordfjord, med bygdene Olden, Loen og Stryn, er eit fantastisk utgangspunkt for turar for både store og små. Frå Olden Fjordhotel er det berre ein kort veg til populære turmål som Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Skålatårnet, Loen Skylift og Via Ferrata Loen.
Her får du berre eit lite utval av turforslag – nyt dagen og la naturen fylle augneblinka med minner! For enda fleire inspirasjon og turtips, anbefaler vi å sjekke ut Visit Nordfjord.

Kommande arrangement i diskokjellaren 2025
-
Pianobar med Kjetil Grodås
01.11.25
For første gang i Diskokjellaren, Kjetil Grodås spelar opp til allsang med kjente hitlåtar.
Aldersgrense 18 år.
CC: kr. 200, -
Dørene åpnar kl. 21:00.
Pianobar frå kl. 22:00 -
3.juledagsfest
27.12.25
3.juledagsfest med 3Naboar.
Aldersgrense 18 år.
Dørene åpnar kl. 21:00
3Naboar spelar frå kl. 22:00