Skåla, Skålatårnet, Skålabu
1843 MOH, Loen
Skåla
Turen til Skåla, 1843 MOH, er kjend som «Norges lengste motbakke». Rekorden i motbakkeløpet Skåla Opp er på en time og 7 minutt, men vi vil anbefale et litt rolegare tempo.
Turen startar ved Tjugen i Loen. Der er parkeringsplass og toalett. Parkeringsavgift kan betalast med Vipps.
En vaksen person i normalt god form vil kanskje bruke tre til fire timar til toppen, mens en familie kanskje vil berekne litt meir tid enn dette.
På toppen ventar Skålatårnet (Kloumannstårnet) og Skålabu, her kan det være rom for overnatting. Undersøk dette på førehand på dnt.no
Turen ned att kan gå litt raskare, men husk å berekne mat og drikke for ein lang dag. Kanskje kan det være godt å ha en tursjokolade eller ein liten pose rosiner på lur i sekken!
Utsikten er fantastisk. Langs turen får ein god utsikt utover Nordfjord og fjella i Vest; ned til Loen og Lovatnet, og sjølvsagt med flott natur tett på. Frå toppen kan ein sjå utover Breheimen og majestetiske fjell, blant anna den karakteristiske Lodalskåpa.
< Forrige tur | Neste tur >