Artikkel i Fjordingen
Olden Fjordhotel fekk besøk av Fjordingen i anledning sesongopning 2022,
Artikkelen er bak betalingsmur, men abonnentar kan lese den her:
Sesongopnar med gode gjesteopplevingar - fjordingen.no
Nokre små utdrag:
“– Vi legg vekt på at gjestane skal føle seg velkomne og tekne godt vare på ifrå dei kjem og til dei reiser. Her skal vere god service, god mat og godt reinhald. Dei tilsette skal gje god service i alle gjesteområda, seier han.”
Møteplass for bygdefolket – nye tilbod
“17.mai inviterer hotellet oldarane og andre til tradisjonell buffet og kakebord. Olden Fjordhotel vil også gjerne vere storstova til lokalbefolkninga både i sorg og glede, eller berre for å stikke innom til ein kaffi.
Vi får straks på plass ny espressomaskin, og har eigen barista. På sikt tenkjer dei ny restaurant i det gamle diskoteket og cateringverksemd.
– Vi er glade for alle besøk, her alle velkomne, avsluttar Rune Nygård.”